Det kommunale og regionale sjølvstyrets grenser under omforming. Ein studie av prosessane knytt til kommunereforma 2014–2019 (255111)

Prosjekt Avdeling: Uni Research Rokkansenteret (gruppe: Demokrati, sivilsamfunn og forvaltning) periode: 01.02.16 - 31.12.19

Om prosjektet

Korleis skal kommunekartet sjå ut?

Kommunereforma vart initiert av regjeringa Solberg våren 2014, og fekk seinare tilslutnad frå Stortinget. Målet er «større, mer robuste kommuner med økt makt og myndighet», noko regjeringa ser som nødvendig for å møte «morgendagens utfordringer og stadig økte forventninger fra innbyggerne». Reforma tek også sikte på samanslåing av fylkeskommunar til større regionar. Utfallet av kommunereforma er enno uvisst, men reforma er potensielt den mest gjennomgripande politiske-administrative reforma i Noreg på fleire tiår, og den offentlege interessa for prosessane er stor.

Ei forskargruppe leia frå Uni Research Rokkansenteret skal følgje kommunereforma framover til utgangen av 2019, då hovudfasen av kommunesamanslåingar etter planen skal vere gjennomført. Prosjektet vart etablert på nyåret 2016, og er finansiert gjennom forskingsrådsprogrammet Demos.

I utlysinga hette det at forskinga skal «se på reformens virkemidler, aktørene og deres roller, hvilke drivere reformen har på ulike nivåer/områder og hvordan disse påvirker prosess og utfall. Kommunereformen skal analyseres både nasjonalt, lokalt og regionalt.»

Finansieringskjelde: Norges forskningsråd.

Samarbeidspartar:

  • Institutt for samfunnsforskning
  • Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo
  • By- og regionsforskningsinstituttet NIBR
  • KORA (Det Nationale Institutt for Kommuners og Regioners Analyse og Forskning)
  • Institut for stadskundskab, Aarhus universitet
  • Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitenskap, Universitetet i Bergen

Prosjektside.

Publikasjoner

Artikler

Alle artikler

Kapitler

  • Flo, Yngve Kampen om å gje fortida nytt liv. Historiebruk i kommuneinndelingsdebatten 1946-1967. I: Historie og Politikk - Historiebruk i norsk politikkutforming etter 1945. Universitetsforlaget 2017 ISBN 978-82-15-02908-5.. sider 56-82
Alle bokkapitler
cp: 2018-02-25 16:15:42