Fastlegen kan bidra til at «dei usynlege barna» vert sett

Ny doktoravhandling viser korleis fastlegen kan identifisere dei barna som treng oppfølging, og sørge for at dei får hjelp.
 

I intervjua fortalte fastlegane korleis dei kan identifisere barna som treng hjelp gjennom kjennskap til dei sjuke foreldra og familiane. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)


Forskar og allmennlege Frøydis Gullbrå og forskarteamet hennar har intervjua fastlegar, ungdom med sjuke foreldre og foreldra sjølve for å undersøkje kva dei tenkjer om korleis fastlegen kan hjelpe barn som er pårørande til sjuke foreldre eller foreldre med rusproblem.

- Desse barna vert ofte kalla “dei usynlege barna”, seier Gullbrå.

Ungdomen fortalte forskarane om mykje uvisse i kvardagen og at dei strevde med å oppretthalde ei vanleg ungdomstid.

Dei ønskjer forståing av at dei lever med ei ekstra byrde, fortel Gullbrå.

Mange hadde eigne helseplager. Ungdomen oppsøkte helst fastlegen for fysiske plager, og syntes det var vanskeleg sjølv å ta opp heimesituasjonen.

Frå annen forsking veit ein at barn som veks opp med sjuke eller rusavhengige foreldre, kan ha auka risiko for eigne helseplager.

Vil ha råd

Foreldra uttrykte behov for å bli møtt som ansvarlege og velmeinande foreldre, på same tid som dei hadde behov for praktisk støtte og råd om korleis best ivareta barna under eigen sjukdom.

 

Frøydis Gullbrå omkransa av opponnentar og veiledere, 30. mai 2017. (Foto: Stine Kulshamar)

 

Fastlegane er ofte i ein god posisjon for å hjelpe barna. I intervjua fortalte fastlegane korleis dei kan identifisere barna som treng hjelp gjennom kjennskap til dei sjuke foreldra og familiane. Dei kunne også gje foreldra råd og informasjon og tilvise dei til andre hjelparar.

- Gjennom ein tillitsfull relasjon kan fastlegen anerkjenne og etterspørje sjuke foreldre og barna deira sin situasjon. Slik kan legen kome i posisjon til å tidleg identifisere dei barna som treng oppfølging, og sørge for at barna får hjelp, ofte gjennom samarbeid med andre, forklarer Gullbrå.

Likevel vert ungdomen ofte oversett. Fastlegane fortalde at tidspress og frykt for å såre pasientar gjorde at barna sin situasjon kunne bli utelatt som tema i konsultasjonar med foreldra.

Både barna og foreldre fortalde at dei ynskte at fastlegen skulle ta opp korleis barna hadde det under foreldre sin sjukdom.

Frøydis Gullbrå har bakgrunn som fastlege og kommuneoverlege i Modalen. Ho disputerte tysdag 30. mai 2017 for ph.d.-graden med avhandlinga: “Children as next of kin and the general practitioner: A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to help.” 

Doktorgradsarbeidet utgår frå Allmennmedisinsk forskningsenhet (AFE) , Uni Research Helse og Forskningsgruppe for allmennmedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen.

Rettleiarar har vore seniorforskar Marit Hafting (RKBU Vest Bergen, Uni Research), seniorforskar Tone Smith-Sivertsen og professor Guri Rørtveit (begge AFE, Uni Research).


Kilde: 

Frøydis Gullbrå: Children as next of kin and the general practitioner: A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to help. Doktoravhandling. Universitetet i Bergen, 2017.

 


31. mai 2017 08:31

cp: 2017-07-24 10:17:26