Disputas: Frå face-to-face til Facebook?

Ivar Sognnæs Eimhjellen disputerte fredag 21. november 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen.

Han disputerte med avhandlinga: “From face-to-face to Facebook? Web technologies in Norwegian civil society”

Noreg ligg i verdstoppen med tanke på utbreiing og bruk av internett og sosiale medium, og det blir skrive mykje om korleis dette endrar samfunnet vårt. Basert på fleire ulike datakjelder og analysemetodar  har Eimhjellen undersøkt ulike dimensjonar ved korleis nettmedium som e-post, heimesider og sosiale medium blir brukt og verkar inn på lokale frivillige organisasjonar og på samfunnsengasjementet.

Resultata til Eimhjellen peikar mot ulik bruk og ulike implikasjonar av nettmedium på ulike nivå i sivilsamfunnet. På individnivået er utbreiinga av sosiale medium, som Facebook, stor og desse blir brukt som kanalar for samfunnsengasjement. Her kan ein både innhente og spreie samfunnsrelevant informasjon, men også organisere, diskutere og delta i ulike aksjonar og grupper. Kjenneteikn ved våre sosiale nettverk ser her ut til å spele ei viktig rolle for nivået av denne type samfunnsengasjement.

I dei nye typane av nettmedia er potensialet for to-vegs og fleir-vegs kommunikasjon mellom mange aktørar stort, men fram til no har ikkje lokale frivillige organisasjonar vore så aktive på dei nyaste arenaene. Her er det heimesider og e-post som er mest utbreidd. Etablerte organisasjonar, prega av formell organisering og sentralisering av informasjon, kunnskap, interesser og avgjerslemakt, ser heller ut til å  favorisere ein kommunikasjonslogikk som er prega av einvegs informasjonsdistribusjon. Denne kommunikasjonsforma er vidare knytt til organisasjons- og aktivitetsvekst og vitalitet,  og i tillegg ei auka sentralisering av organisasjonane.

 

 

På same tid implementerer nye typar frivillige organisasjonar, med yngre aktive og yngre målgrupper, i mykje større grad nye nettmedium og har ein meir desentralisert kommunikasjonslogikk.

 

 

Eimhjellen framhevar at det er viktig å studere dette feltet med fleire metodar og perspektiv, og på fleire nivå. Forskingsresultata hans er publiserte som artiklar i anerkjende internasjonale tidsskrift innan feltet.

 

 

Ivar Sognnæs Eimhjellen er fødd i 1982 og vaks opp på Sandane i Gloppen kommune. Han har ein mastergrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen frå 2007 og var mellom anna utvekslingsstudent ved University of California, Berkeley frå 2006 til 2007. Etter studiet var Eimhjellen vitskapleg assistent ved UiB og ved Uni Research Rokkansenteret, før han i 2011 fekk stipendiatstilling ved Sosiologisk Institutt, UiB, med kontor på Rokkansenteret. Eimhjellen er i dag tilsett som forskar ved Rokkansenteret.

 

 

Tid og stad for prøveforelesing
20.11.2014, kl. 15.15. Oppgitt emne: «Drøft forholdet mellom informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og sivilsamfunn».
Stad: Auditorium, U. Pihls hus, Professor Keysersgate 1.

 

 

Tid og stad for disputas
21.11.2014, kl. 10.15.
Stad: Auditorium, U. Pihls hus, Professor Keysersgate 1

 

 

Foto: Eikeseth Nygjerd 

 


14. november 2014 00:00

Personer involvert

cp: 2017-12-14 06:18:15