Working Model of the Child Interview, Bergen

Kurs av: Uni Research Helse / RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge fra: 26.09.17 - 30.11.17, 0900 - 1500

Om arrangementet

Working Model of the Child Interview (WMCI) av Charles Zeanah og Diane Benoit er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine tankar og kjensler for barnet sitt, og korleis dette påverkar samspelet. Intervjuet tek omtrent 1 time å gjennomføre og passar best for foreldre til førskulebarn, men kan også brukast alt i svangerskapet, for barn opp til puberteten. WMCI klassifiserer foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent).   

Kurset er på 2 + 1 dag som ikkje er samanhengande.
Dag 1: Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
Dag 2: Gjennomgang av skåringssystemet. Trening i å skåre.

Dag 3: Trening i å skåre og endeleg klassifisering. Tolking av intervjuet til klinisk bruk. 

Deltakerane vert oppmoda til å gjennomføre eit øvingsintervju før siste kursdag og ta det med  for gjennomgang. Ein må ha samtykkje til å bruke opptaket som del i egen opplæring.

På førehand får deltakarane tilsendt noko litteratur som ein bør sette seg inn i, og på første kursdag får ein intervjuet i norsk omsetting og norsk manual.

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 16 stk

Forelesar: Psykologspesialist og høgskulelektor  Arnold Goksøyr

Tid: 26.- 27. septembert 2017 og 30. november 2017 kl. 09.00 - 15.00

Påmelding:  innan 18. september

Stad:  RKBU Vest, Nygårdsgaten 114

Arrangør:  Uni Research Helse – RKBU Vest

Kurset er gratis. Lunsj er ikkje inkludert

MELD DEG PÅ

Kontakt

cp: 2017-07-24 10:15:33